Vesker, paraplyer m.m.
Vi leverer mange flotte vesker frå leverandørar som BagBase, Quadra m.fl. Dette er vesker som kan nyttast til reise, arbeid og fritid. Veskene kan trykkast med firmalogo, personnamn eller bilete. Vi broderer også namn og/eller logo.
Kvifor ikkje bestille nokre tøffe vesker til klubben din? Eller vi dekorerer ei veske med foto og illustrasjonar slik at DI veske vert 100% unik.
Vår bestseljar våren 2007 er "vinylbag" - ei tøff skulderveske med plass til mobil, pennar, bøker, MP3 etc, med lokk av beintøff vinyl istaden for stoff. Dermed er den 100% vanntett. Kjem i fargane BRANNraud - limegrønn og årets motefarge Royal blå:
NYTT - SOMMAR 2007:
Vi har no fått inn heilt spesielle vesker som kan trykkast med fotomotiv over heile loket. Desse loka kan takast av (dei er festa med kraftige trykk-knappar) og du kan bytte ut loket med eit nytt. Kvifor ikkje fornye veska 100% med nytt lok?
Veska er standard mini-skulderveske med kvitt lok. Du bestemmer sjøl kva slags motiv du ynskjer på loket. Pris: kr. 460.- ink. mva for di heilt personlege, stilige veske!
For kr. 230.- får du ekstra lok med nytt motiv. Kjøper du både veske og ekstra lok samtidig får du dette til tilbodspris kr. 600.-!
Klikk på firmalogoane så kjem du til sidene deira! Vi fører alle modellane og gjev pris på førespurnad.

